 |
 |
|
 |
 |
Fjordgløtts Alice
Fjordgløtts Alice blei omplassert til Ålesund juni 2010
SU(U) CH Wongan Kadenza - NSVCH Desperados Tingeling
Helse: HD-fri (A) Augnelyst og gonioskopert utan anmerkning 8 desember 2009 Utstilling: 1. premie frå juniorklasse
Jaktanlegg
: Jakt: Blodspor: 2 x 1. premie på ordinær prøve Lydighet: Agility:
|
|
|
|
|
Alice trenar felt-apport
Ho er kjapp!
Foto: Inger Handegård
Alice har no flytta til Møre og Romsdal
|
|
|
Alice 1,5 år gamal og forsøk på oppstilling
|
Alice eit år gamal
Planen var å stille Alice på fleire kvelpeshow hausten 2008, men ho skada det eine auga nokså alvorleg, så det gjekk lenge før ho vart heilt fin att. Det var ei rift i hornhinna på auget, så me håpar at ho ikkje har fått varige mein av dette. Veterinæren er veldig fornøgd, men det kan ha vorte eit lite arr der. Ellers er Alice ei svært så aktiv frøken som elskar å stjele sko... Ho er livleg og ikkje redd noko - i all fall nesten...
Alice 7 månader gamal og på kvelpeshow på Nesbyen i Hallingdal. Som de ser så må me framleis trene på oppstilling..... Her er ho stiv som ein stokk!
Alice vart BIM på kvelpeshowet med ein veldig korrekt kritikk. Det ho vart trekt på var eit tynt naseparti og steil overarm.
Alice 5 mndr gamal. Det trengs framleis å trenast på oppstilling. No er ho påmeldt kvelpeshow i Hallingdal så det berre MÅ trenast....
Her har Alice vorte 3,5 mnd gamal og trener på å verte stilt opp. Me jobbar med leiking, miljøtrening, oppstilling og ikkje minst på å verte klipt med maskin rundt øyrene. Det ville ho IKKJE til å begynne med. Ho er ei lita, livleg frøken som er glad i alt og alle og pelsen er skinande blank.
|
|
Vel 7 veker
|
|
5 veker
|
|
5 veker
|
|
2 veker gammal
|
|
|
 |